Vereide kyrkje.

20 millionar meir til sikring av kyrkjer

KrF har fått gjennomslag for eit forslag om å doble beløpet til istandsetjing og betre sikring av kyrkjer – ein auke på 20 millionar kroner.


Det opplyser trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Forslaget er ein del av revidert nasjonalbudsjett, som blir lagt fram i mai.


– Den tragiske brannen i Notre-Dame minner oss om kor utsett denne delen av kulturarven vår faktisk er. Vi blir ramma som nasjon når symboltunge, nasjonale kulturminne plutseleg blir øydelagde. Verdien av den kulturarven som kyrkjebygga representerer, forstår vi knapt tydinga av, før ei kyrkje brenn. Det store engasjementet etter brannen i Notre-Dame viser kva for verdiar som står på spel når vi ikkje får tatt vare på kyrkjebygga, seier Ropstad.


Ifølgje VG skal dei eldste kyrkjene prioriterast. Og sjølv om det er ansvaret til kommunane å ta vare på kyrkjene, ønsker Ropstad ein større innsats frå staten.


80 prosent av norske mellomalderkyrkjer i stein har ikkje automatisk sløkkeanlegg, og 16 prosent manglar automatisk brannvarsling. Mange av dei eldre kyrkjebygga er svært sårbare for brann på grunn av tørr trekonstruksjon, store loft og tårn som gir rask brannspreiing. I tillegg er det mange stader langt til brannvesenet. (©NPK)