Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Var nær ved å miste førarkortet

Var nær ved å miste førarkortet

Ein bilførar vart stogga av UP etter å ha køyrd i 84 km/t i 60-sona på Håheim i Jølster onsdag føremiddag. Dermed var han berre to km/t unna å miste førarkortet, men han slapp unna med forenkla førelegg.

17 andre bilistar vart også ilagde forenkla førelegg etter å ha køyrd for fort, medan éin må bidra til statskassa etter bruk av handhalden mobiltelefon under køyring.