Hanne Oftedal gler seg til å feire nasjonaldagen, om enn på ein litt annan måte. Ho håpar sendinga Kulturkanalen har tatt på seg ansvaret for, kan vere samlande i denne spesielle tida.

17. mai blir digital i Gloppen

Kulturkanalen har samla kulturlivet i Gloppen til ei sending med innslag frå heile kommunen på nasjonaldagen.

Hanne Oftedal frå Kulturkanalen gleder seg til å vise alt kulturlivet har bidrege med, i sendinga på nasjonaldagen. Kulturkanalen har fått med seg Runar Sandnes til å redigere alle innslaga til eit samanhengande program.

17. mai-sentral

– Det er ein annleis 17. mai i år, der det såg ut til at det ikkje skulle bli noko av dei tradisjonelle arrangementa som vi er vane med. Men så fekk vi ei utfordring frå kultursjefen om å lage ei digital sending, og den var vi i kulturlivet klare for å ta. No er nok oppgåva blitt ein del større, for brått var vi sentral for alle arrangementa rundt omkring i kommunen, og har i tillegg tatt på oss å lage oversikt over alt som skjer denne dagen, seier Oftedal.

Ho fortel at det er mykje å vise fram, og nemner innslag frå skulekorps, alle kora i kommunen, distriktsmusikarane, skular og barnehagar.

– Jostein Midtkandal har gjort ein kjempejobb. Han har tatt opp video frå alle kora, der dei syng kvar sitt vers av ulike songar. Så har han sydd dette saman til eit flott innslag.

Unge musikarar

Gloppen Musikkfest har i tillegg tatt initiativ til å ta kontakt med 16 profesjonelle unge musikarar frå kommunen til å bidra på sitt instrument, der Arne Søholt har laga eit spesialarrangement av «Nordfjordsongen». Innslaga kjem mellom anna frå Tromsø, Tyskland, Nittedal, Danmark og Kristiansand.

– Her er det berre å ta fram lommetørkleet! Eg har sett filmen som Runar Sandnes har redigert, og det er rørande å sjå kva dei har fått til, frå alle kantar av verda, seier ho.

Taler

Alle innslaga er tatt opp på førehand, og det vert taler frå både ordførar og russepresident.

– Det vart ein større jobb enn kva vi hadde tenkt, men mesteparten blir gjort på dugnad. Og det interessante oppi alt, er at det som resultat oppstår eit fellesskap i heile kommunen. I Gloppen har det vore sterk tradisjon for å feire denne dagen i sin eigen krins, men no får ein høve til å sjå kva som skjer andre stader. På den måten får vereidarane høve til å sjå kva som rører seg i Hyen, for eksempel, seier ho og ler.