Heim   >   Kultur   >   Vil skape prøysensk stemning med ny Snekker Andersen-film

Skodespelar Trond Espen Seim og Miriam Kolstad Strand har hovudrollene i filmen « Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var Jul». Foto: Berg-Rusten, Ole/NTB scanpix NTB kultur/NPK.

Vil skape prøysensk stemning med ny Snekker Andersen-film

Ein halv million såg den første filmen om Snekker Andersen og Julenissen. Ikkje rart det måtte bli ny film om dei prøysenske heltane – som no vender tilbake til lerretet.

Trond Espen Seim, som spelar den venlege snikkaren, seier til NTB at han sette pris på vende tilbake til den gode, gammaldagse julestemninga igjen, i samspel med Anders Baasmo (julenissen).

– At så mange såg den første filmen, var verkeleg stort. Vi hadde håpa at han skulle nå ut, og det er  berre kjempekjekt at han trefte så breitt, seier skodespelaren og legg til at den nye filmen byggjer på ei litt skjult Prøysen-perle – som filmskaparane har fått lov til å brodere litt ut.

– Det handlar altså om ei lita bygd som ikkje veit noko om jula. Det må sjølvsagt ordnast opp i.

Som tilfellet var med originalen, er dette eit univers ein veldig trygt òg kan ta med dei minste på, slår Seim vidare fast, og skyt inn:

– Førstefilmen vart sleppt omtrent samtidig med at Trump vann valet. Då var det veldig fint å tilby noko som ikkje er så komplisert og mørkt.

Stort potensial

Filmen har eit totalbudsjett på 28,2 millionar kroner, ifølgje Norsk filminstitutt. Produsent Martin Sundland kan fortelje om ei filminnspeling som har føregått i Gudbrandsdalen og på Kvitfjell (utandørsscenene) og i Romania (innandørsscene).

– Akkurat som i den førre filmen har vi prøvd å lage det vi kallar ein «magisk realisme». Det er ekte, samtidig som det er eventyr. For å få til dette uttrykket har vi spelt inn filmen i ein kombinasjon av studio og ekte natur, utdjupar produsenten. Som meiner det er ein varm og humoristisk film som no er klar for publikum.

– Alf Prøysen har skrive svært mange varme og fine historier som har gledd det norske folket i mange år. Denne gongen har vi tatt utgangspunkt i denne fine forteljinga og håper og trur at filmversjonen vår vil spreie glede – til alle generasjonar, seier Sundland til NTB.

– På spørsmål om populariteten til førstefilmen er drivkrafta bak denne andrefilmen, seier han:

– Skaparglede vil alltid stå øvst når vi lagar film. Det er nøydd til å vere utgangspunktet vårt kvar gong vi går i gang med eit nytt prosjekt. Gleda over at så mange nordmenn trykte den førre filmen til brystet sitt, gav oss tru på at kanskje fleire av Alf Prøysens historier kunne bli film. I «Den vesle bygda som glømte at det var jul» såg vi eit stort potensial for ein lun, jordnær, ekte og morosam julefilm.

Fekk tillit

I Prøysen sin opphavlege tekst om den vesle bygda, er ikkje Snekker Andersen og Julenissen med.

– Men vi såg jo at så mange sette pris på Seim og Baasmo som desse karakterane i den første filmen. Derfor tenkte vi at når det først var så gale fatt, at ei bygd hadde gløymt jula, så trong dei litt hjelp, nokon som kunne bidra til å løyse problemet, seier produsenten.

Han er svært glad for tilliten han og filmteamet fekk av Prøysen sine barn til å utdjupe universet med dei to filmane.

– Men det er òg ein viktig premiss for oss at publikum skal kjenne igjen den gode og lune forteljaren Alf Prøysen var. Etter responsen frå dei aller første visningane, kjenner vi oss ganske trygge på at vi har klart begge delar, seier Martin Sundland avslutningsvis.

Fakta om filmen

* Den første filmen heitte «Snekker Andersen og Julenissen» og kom i 2016.

* Han vart sett av 500.000.

* Fredag får oppfølgjaren premiere, han har tittelen «Snekker Andersen og Julenissen. Den vesle bygda som glømte at det var jul».

* Skodespelarar: Trond Espen Seim, Anders Baasmo, Miriam Kolstad Strand, Aleksander Ottesen-Kaalstad, Christian Skolmen, Marie Blokhus, Jan Gunnar Røise, Marianne Krogness.

* Sjanger: Familiefilm

* Regi: Andrea Eckerbom

(©NPK)