Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Jølsterbyråkratar inn i toppleiinga i den nye kommunen.

Rådmannen i Jølster, Ellen Jensen blir stabsleiar for service i den nye kommunen.

Jølsterbyråkratar inn i toppleiinga i den nye kommunen.

 

I går vart det kjent at toppleiinga i Sunnfjord kommune er på plass. Ti personar er tilsette i staben til rådmann Ole J. Østenstad.

Mellom desse er rådmannen i Jølster, Ellen Jensen og kommunalsjef Kristin Bruland.

Tre kvinner

Alle rådmennene i dei fire kommunane har fått plass i den nye leiinga og seks av dei kjem frå arbeid i Førde kommune. Tre av dei nytilsette er kvinner. Dei tilsette utanom Jensen og Bruland er desse:

Assisterande rådmann: Lise Mari Haugen
• Kommunalsjef skule: Atle Fasteland
• Kommunalsjef helse- og sosial: Kurt Even Andersen
• Kommunalsjef teknisk og miljø: Øyvind Bang-Olsen
• Stabsleiar fagutvikling: Øystein Høyvik
• Stabsleiar personal- og organisasjon: Jan Birger Moe
• Stabsleiar samfunnsutvikling og næring: Trond Ueland
• Stabsleiar rekneskap og skatt: Terje Guddal

Følgjande to stillingar vert lyst ut eksternt:
– Kommunalsjef barnehage
– Kommunalsjef kultur og idrett

Kommunalsjef Kristin Bruland blir kommunalsjef for omsorg.