Heim   >   Nyhende   >   1,5 millionar underskrifter mot dyr i bur

Illustrasjonsfoto. Arkiv.

1,5 millionar underskrifter mot dyr i bur

Eit EU-borgarforslag om å forby dyr i bur har fått 1,5 millionar underskrifter og må no opp i EU-kommisjonen.

Gruppa «End the Cage Age» og 170 samarbeidsorganisasjonar har gått saman om å samle underskrifter for å få på plass eit EU-forbod mot dyr i bur, skriv Nationen. For at eit forslag skal bli tatt opp i EU-kommisjonen, trengst det minst ein million underskrifter frå sju land.

Forslaget inneber eit totalforbod mot landbruksdyr i bur, mellom anna kaninar og fuglar. Det er òg eit krav at kalvane ikkje skal skiljast frå kyrne. Ifølgje gruppa bur over 300 millionar europeiske dyr i for små bur.

Dyrebeskyttelsen i Danmark kallar oppslutnaden ein siger for dyr og demokrati.

– Eit innbyggjarinitiativ med så massiv og historisk støtte må gjere inntrykk på politikarane i Europa.

Forslaget har vore ute for signering i eitt år og har samla inn 1.554.317 underskrifter frå EU-borgarar. (©NPK)