Heim   >   Nyhende   >   121 kommunar har tapt til saman 10.000 arbeidsplassar

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

121 kommunar har tapt til saman 10.000 arbeidsplassar

Brorparten av veksten i private jobbar skjer i storbyar, og Oslo er den suverene vinnaren. Samtidig gjekk 10.225 jobbar i småkommunar tapt mellom 2015 og 2018.

Totalt vart 68.000 jobbar skapte på fastlandet i perioden, medan 9.000 jobbar gjekk tapt på sokkelen, skriv Nationen , som viser til tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Av dei 68.000 jobbane vart heile 27.400 skapte i Oslo. Neste på lista er Ullensaker (2.861), Skedsmo (1.921), Trondheim (1.852) og Tromsø (1.722).

Jordbruk og banknæring er blant bransjane som fører til negativ utvikling i flest kommunar, medan det i mange enkeltkommunar er nedgang i oljebransjen som har størst påverknad.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) peikar på at det ikkje er slik at det er enten distrikta eller byane som vinn.

– Basert på sentraliseringsindeksen til SSB er det ikkje noko som tyder på systematiske forskjellar mellom distrikt og by, men nokre kommunar slit med å skaffe arbeidsplassar i privat sektor, og den politiske debatten handlar for lite om dette, seier han til Nationen.

Han viser vidare til at mange distriktskommunar har opp mot 40 prosent vekst i perioden, medan det i Oslo var ein vekst på 8 prosent.

Regjeringa får kritikk frå parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Senterpartiet for å ha kutta i dei regionale utviklingsmidla. Isaksen kontrar med at midlane no er flytte over til samferdsel, forsking, utdanning og satsing på yrkesfag, som han meiner er minst like viktig for bedrifter utanfor storbyane. (©NPK)