Heim   >   Fylket   >   12. plass til Skamo Hope

12. plass til Skamo Hope

Hyaren Jon Rolf Skamo Hope vart nummer tolv på 15 km klassisk intervallstart i U23-VM i tyske Oberwiesenthal tysdag. 

Skamo Hope var 2.23,4 minutt bak vinnaren, Sergey Ardashev frå Russland.

Harald Østberg Amundsen, Noreg, kom på 2. plass, medan franske Hugo Lapalus blei nummer tre.

Dei to var høvesvis 1:02,0 og 1:35,6 minutt bak den suverene vinnaren.