Heim   >   Fylket   >   1,2 millionar kulturråd-kroner til Norsk Countrytreff

1,2 millionar kulturråd-kroner til Norsk Countrytreff

Norsk Countrytreff i Breim får 1,2 millionar kroner i støtte frå Norsk kulturråd til festivalen i sommar. Også fleire andre aktørar i Gloppen og Jølster får støtte frå kulturrådet.

Norsk kulturråd har så langt i 2019 løyvd meir enn tolv millionar kroner til kunst- og kulturføremål i Sogn og Fjordane.

Lista over dei som er støtta via ulike støtteordningar viser at det går mest pengar til musikkfestivalar i fylket. Førdefestivalen får meir enn halvparten av det som er løyvd til no, med 6,3 millionar. Norsk Countrytreff får nest mest. Andre utøvarar og aktørar som får høge beløp er Teaterfestivalen i Fjaler med 900.000 kroner og Preform AS, som får 800.000 til produksjons- og visingsrom, scene, studio og galleri i Dale.

Gloppen Musikkfest får 425.000 kroner, medan Fjæra Bluesklubb får 100.000 til Fjordblues. Jølster Jazzklubb får 75.000 kroner til Jazz på Jølst,

Ønskjer endå fleire søkjarar

– Eg er fornøgd med at utøvarar og aktørar i fylket blir støtta med statlege midlar til kunst og kultur. Samtidig skulle eg ønskt at endå fleire i fylket søkte på støtteordningane til Norsk kulturråd, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Midlane frå Kulturrådet går til både visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur og andre kunst- og kulturføremål.

Fleire søknadsrundar

– Fleire av ordningane har søknadsfrist i juni og enkelte til hausten. Er du kunstnar eller kulturutøvar bør du vurdere å søkje, oppmodar Erikstad.

Kulturrådet gir tilskot til kunst og kultur over heile landet basert på midlar frå staten. Kulturrådet er også pådrivar for nye kunst- og kulturprosjekt, driv utviklingsarbeid og er rådgjevar for staten i kulturspørsmål.