107 har meldt seg til teneste







Etter at Helse Førde annonserte etter ekstraressursar i samband med korona- og berdskapssituasjonen, har 107 personar med varierande helsefagleg bakgrunn meldt seg til teneste, skriv helseføretaket i ei pressemelding laurdag ettermiddag.















Situasjonen i helseføretaket er så langt ikkje blitt så kritisk at ein må ta inn ekstraordinært mannskap, sjølv om mange tilsette no har heimekarantene på grunn av koronaviruset.

Søkjarane får svar ut frå rådande situasjon, der føretaket takkar dei som har meldt seg til innsats:

Vi står no i ei uoversiktleg og krevjande tid for helsevesenet, der det kan bli nødvendig med ekstra innsats. For tida har vi en stabil situasjon knytt til tal pasientar, og vi klarer å drifte sjukehuset med dei vi har tilsett.
Vi ønskjer gjerne å få ta kontakt med deg dersom behovet etter kvart endrar seg, og om vi ser at du har ein kompetanse som kan vere nødvendig for oss.

Vi vil ta direkte kontakt ved behov. Igjen; tusen takk for at du har meldt deg, står det i svarbrevet som går ut til alle 107 søkjarar.