Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – Er imponert over tankegangen

Det går nesten ikkje ein dag i løpet av sommaren og hausten utan at Ingvald Hylderås har seg ein tur i Jølstravatnet.

– Er imponert over tankegangen

Måndag var kommunal- og regionalministeren og fleire av Senterparti-toppane i Sogn og Fjordane samla på Gloppen Hotell. Liv Signe Navarsete kom til hotellet søndag, og legg ikkje skjul på at ho stortrivst på Sandane.

– Frukosten på dette hotellet går andre hotellfrukostar ein høg gang. Brødet var fantastisk, knekkebrødet òg. Eg har budd på hotell ei veke no, men ikkje ete betre frukost enn her, strålar Navarsete og gledar seg storleg over at Gloppen Hotell er ei blinkande stjerne på ein himmel der mange distriktshotell slit med å få hjula til å gå rundt.

– Det er veldig variabelt, ein del slit, men fjoråret vart betre enn mange hadde frykta, og mykje tyder på at dette året òg blir betre enn kva som blei sagt på førehand. Dei som baserer seg på europeiske turistar, merkar finanskrisa, men nye marknader dukkar opp. Asia kjem for fullt. Potensialet i Noreg er stort, men vi er eit lite land, og mindre enn éin prosent av dei som skal ut å reise tenkjer på Noreg som eit potensielt reisemål, seier statsråden og meiner auka samordning mellom ulike aktørar og felles marknadsføring må til for å markere seg på verdsmarknaden:

– Enkeltvis blir ein for små, ingen dett ned på ein liten destinasjon, midlane til marknadsføring må aukast ytterlegare.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.