Yr varslar bunadsvêr 17. mai

Etter nesten ekstremvarme over Austlandet dei siste dagane, varslar meteorologane at temperaturen «vil falle som ein stein» natt til 17. mai.


Over Oslo og det sentrale Austlandet blir det kaldt 17. mai. I tillegg blir det vått. Saman med Aust-Finnmark varslar fagfolka på Meteorologisk institutt at det skal regne på nasjonaldagen, spesielt tidleg på dagen, midt i barnetogtida. Utover dette ser det ut til å bli ein fin 17. mai for dei bunadskledde over resten av landet.



Skyfritt og sol

– I resten av landet ser det ut til å bli flott bunadsvêr, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga for Vestlandet.


Frå eit stykke vest for Kristiansand og heilt nord forbi Tromsø ser det ut til å bli skyfritt og gode moglegheiter for sol. Temperaturen er venta å liggje mellom 10 og 15 grader i sør, ti-tolv på Vestlandet og i Midt-Noreg og sju til ti grader i Nord-Noreg.


– Vi får vere glade på vegner av dei bunadskledde. Det er ganske krevjande å gå i bunad når termometeret kryp over 20 grader, seier meteorologen.



Kraftig vind

Det skal blåse kraftig fleire stader, særleg sør for Bergen og ned mot Sørlandet der det kan kome opp i kuling frå nordvest, noko som får kvikksølvet i gradestokken til å falle.


Austlandet har hatt uvanleg varme og solfylte dagar den siste tida. Dette vil brått få ein ende 17. mai. Men berre mellombels, lovar vêrvarslinga.


– Nasjonaldagen vil jo utvilsamt kjennest som ein nedtur etter tre dagar med så fint vêr. 16. mai ventar vi 26–27 grader i Oslo, og så fell temperaturen som ein stein natt til 17. mai, før det blir fint igjen 18. mai, seier Fagerlid. (©NPK)