Home   >   Fylket   >   Ny sjef for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Ny sjef for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Frank Robert Klakegg (39) er tilsett  i jobben som leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande meklaren i fylket og er eit dotterselskap til Sparebanken Sogn og Fjordane. Frank Robert Klakegg tar over som leiar den 1. mai, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Dette er ein svært spennande jobb i Sogn og Fjordane innan eigedom med mange kompetente tilsette, og eg gleder meg til å byrje. Eg ser fram til å bli kjend med dei nye kollegaene mine. Det første eg vil gjere er å reise rundt på kontora for å treffe dei. Eg ønskjer å bli kjend med arbeidsmetodikken deira og marknaden dei jobbar i, seier Klakegg.

Bedrifta har 20 tilsette og driv med eigedomsmekling over heile fylket. Filialane ligg i Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid og Stryn.

Klakegg kjem frå jobben som administrerande direktør i Forum Gruppen AS, eit konsern med virke innan handel og eigedom. Han var dagleg leiar i Hellvik Hus, som han sjølv var eigar i, fram til 2014.

Styreleiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane og HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eirik Rostad Ness, er godt nøgd med tilsetjinga av Klakegg

– Klakegg er ein offensiv, innovativ og forretningsorientert leiar med stor gjennomføringsevne. I tillegg er han god med folk. Vi er derfor trygge på at han er rette mannen for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, seier Ness.