Anne Helen Gimmestad (f.v.), Reidar Moldestad og Margunn Bjørkelo i herleg samspel.

Vital og sjarmerande 20-årsjubilant

Breimskoret synte fredag kveld at dei framleis kan kunsten å forføre publikum med fengande song og treffsikker humor. Kabareten "Pent brukt" kan trygt kallast ein innartiar. 



Den lett tilårskomne Roger i bruktbutikken fungerte som raud tråd i ei framsyning heilt utan daudpunkt.

Det heile opna med ein fengjande bruremarsj og eit brurepar som reiser av stad på bryllaupsreise. Igjen sit Rogeren, glitrande spela av Reidar Moldestad, som får ansvaret for å passe dei nygifte sin vintagebutikk. Roger er ganske «vintage» sjølv, med åttitalsfrisyre, Ball-gensar og noko utdatert kunnskap om verda i kring seg. To geskjeftige storesøstrer dukkar opp hos hovudpersonen i bruktbutikken, (Margunn Bjørkelo og Ann Helen Gimmestad), og då vert det slutt på middagslurane og ungkarsvanane til Rogeren.


Dei musikalske godbitane kom trillande ein etter ein, innimellom Rogeren sine smådesperate forsøk på å sleppe unna både butikkdrift, nettdating og ei oppgradering av seg sjølv. Søstrene lagar ein nettprofil på broren sin, og så vert det heile lagt ut på Finn.no, i staden for ein meir passande datingapp. Dette grepet gjer at det er duka for mange delikate forviklingar og gode replikkar ettersom kundane finn vegen til Roger.


Framsyninga var prega av svært god flyt med elegante overgangar mellom innslaga. Koret ramma inn handlinga på ein stemningsfull måte, songar frå tiåra som ligg bak oss gav liv og farge til rollefigurane.


I kveld, laurdag, er det ny framsyning.

Sjå fyldig reportasje i papiravisa tysdag.