Sport: Sandane vann komfortabelt 5-1 over Høyang i sesongens siste kamp. Trenar Jan Ove Ødven meiner prestasjonane har svinga.

Vil starte AS for produksjon av Nordfjord-dram

Dei første stega vart tekne i regi av Agro Business Park og prosjektleiar Sigmund Vereide. Målet er å nytte overskotsfrukt og –bær til produksjon av velsmakande snaps og andre drikke.

No har gründer Jann Vestby teke over prosjektet. Målet er å etablere eit aksjeselskap og få investorar til innkjøp av nødvendig produksjonsutstyr. Jann Vestby er sambuar med Synnøve Vik Bergstad. Dei har overteke familiegardsbruket hennar på Hauge der det har vore grønsak- og fruktproduksjon i mange ti-år.

– Vi er sivilingeniørar i kjemi begge to, seier Vestby og peikar på at produksjon av alle slag alkohol er kjemi. Dei har planar om å nytte fruktressursane på bruket i snapsproduksjonen i tillegg til overskotsfrukt og bær frå bønder elles i regionen.

Arcus har tidlegare laga ein prøveproduksjon basert på plommer for å teste smaken. Det er følgt opp med Ole Puntervold i Grimstad som har gjennomført ein pilotproduksjon på 100 flasker med plomme. I tillegg var det interesse for å prøve ut bringebær.

Les heile saka i papirutgåva fredag.

Jann Vestby skal etablere eit aksjeselskap som skal vidareutvikle og produsere ulike variantar av Nordfjord-dram.