Home   >   Nyhende   >   – Vil primært vere eige fylke

Torbjørn Vereide og Arbeidarpartiet ønskjer at Sogn og Fjordane framleis skal stå på eigne bein. Arkivfoto.

– Vil primært vere eige fylke

– I neste veke vil vi setje oss ned med Senterpartiet og SV for å sjå om vi kan bli einige om eit felles framlegg, seier fylkestingsrepresentant Torbjørn Vereide (Ap).

I valkampen var både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Sogn og Fjordane klare på at dei ønskte å sjå på regionreforma og den vedtekne samanslåinga med Hordaland på nytt ved regjeringsskifte. Skifte ved Kongen sitt bord blir det ikkje, men partia vil framleis prøve å reversere samanslåinga. Måndag var Ap sine fylkestingsrepresentantar samla i Førde for å diskutere saka.

– Vi ønskjer primært at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke. Men i framlegget til fylkestinget vil vi prøve å finne ei formulering som gjer at vi heilgarderer oss, og at intensjonsavtalen med Hordaland framleis blir gjeldande om samanslåinga blir gjennomført likevel, seier Vereide.

Han meiner det var brei semje om dette på møtet.

– Vi var einige om at dette skal vere mandatet til dei som skal snakke med SV og Sp.

Les meir om saka i papirutgåva fredag.