Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Vil inspirere born og unge

Hanne Oftedal og Gloppen Musikkfest satsar sterkt på at nye generasjonar skal bli kjende med klassisk musikk. Arkivfoto.

Vil inspirere born og unge

– Det er svært viktig for oss å stimulere til at klassisk musikk blir eit levande uttrykk i Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar for Gloppen Musikkfest, Hanne Oftedal.

Denne veka går den 15. musikkfesten av stabelen. Arrangøren ønskjer å løfte fram klassisk musikk, og satsar ekstra på at born og unge skal bli kjende med sjangeren.

– Er kjempekjekt

– Festivalen i år har tittelen HØYR! Vi vil gje gode konsertar til publikum generelt, men særleg ønskjer vi å gje born og unge høve til å høyre og bli kjende med denne musikken som nesten ikkje blir spelt i radio lenger, seier Hanne Oftedal og viser til at klassisk musikk er under sterkt press nasjonalt.

Musikkfesten har dette året fleire arrangement retta mot dei yngste.

Barnehagane og alle elevane i 1.-4. klasse i Gloppen blir inviterte til konsert med Zook og Små-KORK. Elevane i 5.-7. klasse får musikarbesøk i klassa.

– På denne måten når vi alle born i Gloppen mellom tre og 13 år. Det er kjempekjekt, smiler den daglege leiaren.

Seminar

Musikkfesten ønskjer også å inspirere og løfte fram born og unge som driv med musikk.

– Då er det eit godt verkemiddel å gje dei høve til å møte musikarar som også er gode formidlarar, gje dei seminar og la dei møte musikken på deira eiga heimebane eller på konsertar, fortel den daglege leiaren og nemner aktivitetar som strykeseminar med KORK-musikarar i Sogndal og Eid, korpsseminar i Florø og fleire konsertar der born og unge opptrer saman med KORK-musikarar.

Det blir to-dagars seminar for unge klassikarar frå Sogn og Fjordane. Fredag kveld held dei konsert i kultursalen i Trivselshagen.

– Det kjem deltakarar frå heile fylket, åtte i alt. Frå Gloppen deltek Håkon Oftedal, Ingrid og Maria Ose. Frå Jølster blir Dag Håheim med, fortel Oftedal

– Skjer berre éin gong i livet

Gloppen Musikkfest har eit tett samarbeid med Firda vidaregåande skule. Dette kjem mange av elevane til gode.

– Musikklinjekoret får opptre saman med Kringkastingsorkesteret på konserten i Trivselshallen laurdag ettermiddag. Eg håpar elevar og foreldre skjøner at dette er noko som skjer berre éin gong i livet, smiler Oftedal og legg til at på same konsert får elevar ved Nordstranda skule, som vann Veslefrikk-prisen for «Vårslepp i Fjellbygda», framføre vinnarverket saman med orkesteret.

Musikklinjeelevane får også delta på kritikarseminar med skribentane Ida Habbestad og Hild Borchrevink, og på komposisjonsworkshop med komponist Therese Birkeland Ulvo.

For songarane blir det folketoneseminar med folkesongar Unni Løvlid, medan elevane på dramalinja får vere med på workshop med dokkespelar Thomas Hildebrand.