Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Vil ha tøflar og sitteunderlag

Hytta på Hjellasva, på vegen til Fygladalen har ei fantastisk utsikt mot Grovabreen og andre mektige fjell på sørsida av Jølstravatnet. Foto: Eilif Rosnæs.

Vil ha tøflar og sitteunderlag

– Har du mykje restegarn som du ikkje veit kva du skal bruke til? Om du har tid og lyst ville vi blitt kjempeglade om du kunne strikke sitteunderlag og/eller tøflar til dagsturhytta vår!

Det er Jølster kommune som legg spørsmål og ønske ut på nettsida si. Forrige helg fekk jølstringane på plass dagsturhytta på Jellasva. No skal ulikt utstyr på plass. Dei syner bilete frå dagsturhytta på Draumekvila, og viser til dugnadsinnsatsen i Gloppen.

Litt ditt
– Der har mange flittige hender tatt utfordringa med å strikke underlag til å sitte på og tøflar som kan brukast inne i hytta. Om du har restegarn, tid og lyst til å strikke, ville vi og mange turglade blitt kjempeglade, skriv dei og legg til:

– Det vil jo berre gjere hytta endå trivelegare å besøke og du får vere med å sette akkurat ditt preg på den.

Bidrag kan leverast til tenestekontoret på kommunehuset på Skei.