Home   >   Nyhende   >   Vil ha ny folkerøysting

Valstyret rett før teljing av røystene under folkerøystinga i Jølster i fjor vår.

Vil ha ny folkerøysting

Fleirtalet meiner det bør haldast ny folkerøysting om kommunesamanslåing i Jølster. Det viser den uhøgtidelege spørjeundersøkinga her på nettsida vår.

57 prosent har svara at dei ønskjer ny røysting, 35 prosent har svara at dei ikkje ønskjer dette, medan åtte prosent har svara at dei ikkje bryr seg.

Totalt kom det inn 338 svar.