Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   – Vil avvente situasjonen

Jarle Helgheim (f.v.), Ida Aardalsbakke Nedrebø, Gerd Dvergsdal og Magnar Juklestad meiner føresetnadene for at Jølster skal gå inn i ein storkommune har endra seg vesentleg sidan folkerøystinga i fjor vår. Dei har gått i bresjen for ein underskriftsaksjon med mål om ei ny røysting og framleis liv for Jølster som eigen kommune.

– Vil avvente situasjonen

– Den parlamentariske situasjonen er så uavklara at vi vel å vente litt før vi bestemmer kva vi gjer, seier Jarle Helgheim, ein av initiativtakarane til underskriftsaksjonen for ny folkerøysting om kommunesamanslåing i Jølster.

Før valet sa Helgheim og dei andre som står bak underskriftsaksjonen at han ville bli lagd vekk om det ikkje blei regjeringsskifte. Skifte i regjeringskontora blir det ikkje, men den nye samansetjinga av Stortinget gjer at det kanskje framleis kan vere sjansar for at Jølster får halde fram på eigen kjøl.

– Spørsmålet blir kva Kristeleg Folkeparti gjer. Dei har vingla, eg er spent på kva støtte dei andre opposisjonspartia får i saker som gjeld kommunereforma. Viss ikkje KrF støttar eit eventuelt fleirtalsvedtak i kommunestyret i Jølster om ikkje å vere med i storkommunen, er løpet køyrd, konstaterer Helgheim.

Han understrekar at hovudtrekket i valet er at det er eit distriktsopprør.

– Senterpartiet er den klare sigerherren og er forplikta til å køyre fram dei store sakene sine, mellom anna kommunereforma. Det ventar eg dei vil gjere tidleg i stortingsperioden.

Kvartetten som tok initiativet til underskriftsaksjonen tek sikte på å ta stilling til vegen vidare i eit møte neste veke.

– Uansett utfall av dette, er underskriftene vi har samla inn ikkje bortkasta. Dei skal handsamast med respekt og brukast for alt dei er verd. Dei er eit kraftig signal frå indre Jølster, slår Jarle Helgheim fast.