Thomas Dyrrdal legg inn til Jonas Denk, som nær sagt ventar på å få setje inn 2-0-målet.

Viktig siger mot Skavøypoll

Sandane scora tre mål i løpet av første kvarter i andre omgang. Dermed sikra laget 3-0-siger mot Skavøypoll på Idrettsplassen onsdag kveld. – Dette var moro, smilte trenar Øyvind Hervik like etter kampslutt.

Det var surt og vått då Sandane tok imot Skavøypoll på Idrettsplassen onsdag kveld, og ein kan ikkje seie at spelet i første omgang varma dei oppmøtte i særleg grad. Heldigvis letta vêret i andre omgang, og ikkje minst – heimelaget viste andre takter.

– Ein jobbesiger

Eit par minutt ut i omgangen fekk Sandane frispark. Thomas Dyrrdal gjekk opp i hovudduell, og fekk heada ballen til Martin Svarstad, som på kloss hald vende om og sette ballen kontant til side for keeper. Også andre målet var Dyrrdal involvert i. Han kom fossande ned på venstre side og fekk lagt ballen inn til Jonas Denk, som nærast venta på å få setje ballen i nettet. Tredje scoringa var det Isak Gangeskar Solheim som stod for – etter at målvakta til gjestene rykte ut for å avklare ein farleg situasjon. Det lukkast han ikkje med, og Gangeskar Solheim sende av garde eit knallhardt skot i tomt mål.

– Dette var ein godt gjennomført kamp, der spelarane stod opp og tok ansvar alle saman. Det var ein jobbesiger, og så var det i periodar bra spel, meiner Øyvind Hervik.

Les meir i papirutgåva fredag.