Bodil Hjelmeset (med ball), Eli-Anne Sandal Birkelund og GHK bør ta poeng mot Florø laurdag.

Viktig kamp for GHK-damene

I morgon ettermiddag kjem Florø til Trivselshallen og det som er eit svært viktig oppgjer i 3. divisjon for damer.

Gloppen har tapt dei fem siste kampane, står framleis med fire poeng og ligg tredje sist på tabellen etter å ha spelt åtte kampar. Florø på plassen over har også fire poeng, men laget frå kystbyen har spelt berre fem kampar.

Alt ligg til rette for ein jamn og spennande kamp som er vanskeleg å tippe utfallet av. Vi reknar med heimelaget mobiliserer, og håpar det er nok til å sikre ein etterlengta siger.

GHK sitt herrelag har ikkje hatt marginane på si side så langt. Laurdag vart Kristiansund for sterke, og søndag ettermiddag blei det eit svært surt eittmålstap mot Stjørdals-Blink.

Denne helga er det dobbelkamp i Bergen. Laurdag står Bergen HK på motsett banehalvdel, søndag ventar Bergen vest. Begge laga ligg midt på tabellen og blir naturlege favorittar, men glopparane har vist spelemessig framgang i det siste, så snart kjem vel dei første poenga?