Det vart allsong på STIL-stova då barnehagane hadde tog gjennom Sandane og markerte at kommunen er godkjent Trygt lokalsamfunn måndag.

Videoglimt frå barnehagetoget

Alle barnehagane var inviterte då kommunen måndag markerte at Gloppen er godkjent som Trygt lokalsamfunn. Det gjorde dei då dei likevel var samla til det årlege barnehagetoget.

- Barnehagane, både dei tilsett, foreldra og ikkje minst borna har gitt viktige innspel til korleis vi kan vere tryggare når vi er på veg til og frå, og i barnehagen. Derfor valde vi barnehagane då vi skulle markere dette, seier Leidulf Gloppestad.

Alle barnehagane var på plass, bortsett frå Hyen der tunnelstenginga i Hyestranda gjorde det vanskeleg å ta turen. I fronten av toget spelte også i år Sandane og Breim skulekorps med drilltroppen heilt i front.

[video width="640" height="480" mp4="https://www.firdatidend.no/wp-content/uploads/2017/05/Barnehagetoget_1.mp4"][/video]
Video frå barnehagetoget og markeringa etterpå.

Meir om markeringa i onsdagsavisa.