Kasserar Kjell Helgheim og styreleiar Maria Rosenlund Flølo er på jakt etter fleire frivillige til å sitje bak butikkdisken på Gloppebua eller hjelpe til med vaffelsteikinga i Honnørkafeen.

– Vi treng fleire frivillige

Mange lag og organisasjonar slit med å skaffe nok frivillige til aktivitetane sine. Slik er det for Gloppebua og Honnørkafeen midt i Sandane sentrum òg. No vonar eldsjelene som står på for å halde dei flotte tilboda i gang, at fleire vil gje dei ei utstrekt hand eller to.

– Fantastisk plass å vere

– Vi har mange svært trufaste, frivillige medarbeidarar, men vi treng fleire, konstaterer Maria Rosenlund Flølo og Kjell Helgheim.

Rosenlund Flølo er styreleiar for Gloppebua, eller ”konsernsjef” som ho likar å titulere seg, medan Helgheim er kasserar både for Gloppebua, Honnørkafeen og Stiftinga Gloppetun. Det er stiftinga som eig bygningen som også inneheld eit selskapslokale i 2. etasje.