Klare for avreise frå Skei med kurs for Bergen.

- Vi køyrer kun for moro

Det var bodskapen frå Peter Kveykamp, som i lag med ein munter gjeng nederlendarar hadde ein liten pause frå billøpet The Barrel Challenge, på Skei i dag.

- Vi har vore på vegen i snart ei veke og har køyrt frå Nederland via Tyskland og Sverige før vi svinga inn i Noreg ved Savalen og reiste via Dombås og Sunndalsøra hit, kunne Peter fortelje.

Mange og sprø

I alt er det med 170 bilar i dette "rallyet" som tek mål av seg til å vere det sprøaste og mest underhaldande billøpet i Europa. Då vi møtte dei på Skei, var dei på veg mot Bergen der båttur til Stavanger og vidare til Hirstshals var neste post på programmet. Kravet til bilane er at dei ikkje skal vere nyare enn -99 modell.

- Kvar er alle dei andre bilane?

- Ute på vegen ein eller annan stad, var svaret frå gjengen som absolutt levde opp til mottoet om å vere sprø og underhaldande. Replikkane sat laust og latteren var aldri langt unna hos nederlendarane som reiste frå Skei akkompagnert av bilhorn, sirener, blinkande lys og goodbye frå høgtalarar på taket av ein av bilane.

Nokre av bilane som stoppa på Skei, spekka med "ekstrautstyr"
- Først må vi ete, var svaret frå Peter Kveykamp (t.v.) og Sander Lensicg då spurde om fotografering.