Torill Midtkandal får ikkje dispensasjon til å frådele ei om lag 1,5 dekar stor hyttetomt i Ytre Kandal.

– Vernar bygdene i hel framfor å skape aktivitet

– Eg skjøner ikkje at dei skal bruke regelverket så restriktivt. For område som Kandalen er aktivitet vel så viktig som å ta vare på verneinteressene, seier Torill Midtkandal.

Ein lang saga om fråskiljing av ei hyttetomt i svært ulendt terreng ved Breimsvatnet, er no avslutta. Fylkesmannen i Hordaland har oppheva Gloppen kommune sitt dispensasjonsvedtak. Torill Midtkandal får ikkje byggje hytte på tomta ho har sett seg ut. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.

Allmenne interesser

Ho er oppvaksen i Kandalen, men no busett i Stryn kommune. Ho ønskjer å byggje ei hytte i Ytre Kandal på ei lita hylle heilt nede ved Breimsvatnet, der berre geitene tidlegare har teke seg fram. Gloppen kommune gav dispensasjon frå landbruks-, natur- og friluftsføremålet (LNF) i arealdelen til kommuneplanen, men Fylkesmannen klaga på avgjerda. Staten sin forlenga arm i fylket peika på at hytta vil vere i strid med allmenne interesser, og at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylte. Han peika også på byggjeforbod i 100-meters beltet langs sjø og vassdrag.

Før formannskapet tok stilling om kommunen skulle bøye av og følgje Fylkesmannen eller stå fast på tidlegare vedtak, var politikarane på synfaring på staden. Etter synfaringa var dei styrkte i oppfattinga av at det var rett å gje løyve til hyttebygging, men den planlagde bilvegen til tomta vart teken ut og erstatta med løyve til å lage trapper/sti. Fylkesmannen opprettheldt klagen, og saka vart dermed send over til Fylkesmannen i Hordaland, som Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppnemnde som setjefylkesmann.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.