Home   >   Kultur   >   Skal vere vertskap for nesten 300 songarar

Austrheim mannskor og Stardalen mannskor samarbeider om å arrangere årets songarstemne for nesten 300 deltakarar. Dette er arkivbilete frå «Sjøen Syng» som dei samarbeidde om i november i fjor.

Skal vere vertskap for nesten 300 songarar

Feiringa av nasjonaldagen er så vidt over før Austrheim mannskor og Stardalen mannskor blir vertskap for nær 300 songarar frå vårt fylke og nabofylket i nord.

Helga 19. – 21. mai vert det arrangert songarstemne tre stader i vårt fylke, eitt stemne i kvart fogderi. For Nordfjord sin del er Austrheim mannskor denne gongen vertskap saman med Stardalen mannskor.

– Sist vi var arrangør var i 2012. Då var vi åleine, men denne gongen er det naturleg at Stardalen mannskor også blir med. Vi har dei to siste åra samarbeidd om gjennomføringa av t.d. «Sjøen Syng» i fjor og programmet med Ragnar Sande i 2015, seier leiar i Austrheim mannskor, Ragnar Eimhjellen.

Begge desse arrangementa ville vore vanskelege å greie på eiga hand, meiner han.

Dette året handlar samarbeidet om å gjennomføre songarstemnet.

Les meir i papirutgåva måndag.