Nordfjord Folkemuseum.

Verdspremiere på museet

Neste veke får Nordfjord Folkemuseum besøk frå kollegaer frå Litauen som har med seg ei utstilling som har verdspremiere på Sandane.

Utstillinga «Tradisjonar mellom fiber og stoff» er eit resultat av eit EØS-støtta tekstilprosjekt der Nordfjord Folkemuseum har samarbeida med Fine Craft Association of Vilnius i Litauen og Norsk Folkemuseum i Oslo. Utstillinga viser likskap og skilnad mellom lin og ull, og likskap og skilnad mellom norske og litauiske tradisjonelle reiskap og teknikkar.

Utstillinga skal berre visast ein stad i tillegg til hovudstaden i Norge og Litauen, og i Norge er denne plassen Sandane!
Saman med utstillinga kjem ein delegasjon på seks tekstilhandverkarar frå Litauen, som vil demonstrere ulike tekstilteknikkar og svare på spørsmål.

Utstillinga står på museet berre 24.- 26.januar. På dagtid tilbyr vi opplegg for skuleklassar, og på onsdag kl.19 er utstillinga open med omvising kl.19.

Etter å ha vore på Sandane skal utstillinga til Oslo, før den går vidare til Vilnius og landsbyane Krikštėnai og Gyvoliai i Litauen.