Home   >   Nyhende   >   Ventar inntektsnedgang for vestlandsbonden

Ventar inntektsnedgang for vestlandsbonden

Mjølkebonden på Vestlandet kan vente ein inntektsnedgang på over 10 000 kroner per årsverk fra 2017 til 2018.  Det viser ferske tal frå Budsjettnemda for jordbruket. – Eit krevjande utgangspunkt for årets jordbruksforhandlingar, meiner fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Tala frå Budsjettnemda for jordbruket syner inntektsutviklinga i næringa.  Denne utviklinga vert lagt til grunn for kvart jordbruksoppgjer.

Den ferske prognosen frå Budsjettnemda syner at mjølkebonden på Vestlandet i snitt kan forvente ei inntektsendring frå 355 100 kr per årsverk i 2017 til 344 500 kr i 2018

Dette er alvorleg. Inntektene til bonden går ned, medan resten av samfunnet dreg frå. Det gjev eit steikje krevjande utgangspunkt for dei nært føreståande jordbruksforhandlingane, seier Anders Felde.

På landsbasis kan bonden i snitt vente ein inntektsnedgang på 8000 kroner per årsverk frå 2017 til 2018.  Slår den nasjonale prognosen til, vil inntektsgapet mellom jordbruket og resten av samfunnet auke.

– Framtida til norsk landbruk avheng av at unge bønder torer å investere, slik at vi kan ha ein trygg og bærekraftig matproduksjon over heile landet. Det lukkast vi ikkje med dersom inntektene til bonden sakkar akterut, held Felde fram.

Den venta inntektsnedgangen for bonden skuldast særleg ein stor kostnadsauke for drivstoff, mineralgjødsel og kraftfôr, ingen volumvekst i norsk matproduksjon, og tilnærma ingen prisvekst i marknaden.

Framleis lågt inntektsnivå for dei minste mjølkebøndene

I 2018 kan ein mjølkebonde med 15 kyr vente ei inntekt på 324 300 kroner per årsverk.  Til samanlikning kan ein mjølkebonde med 65 kyr vente ei tilsvarande inntekt på 462 800 per årsverk. Dei minste mjølkebruka kan vente ein liten inntektsoppgang dette året

– Det er sjølvsagt positivt at de minste mjølkebruka ikkje går ned i inntekt, men inntektsnivået for dei små er framleis mykje lågare enn for større mjølkebruk, seier Felde.