Halvor Halvorsen, nestleiar i Sogn og Fjordane Venstre.

– Venstre vann fiber-kampen

STATSBUDSJETTET:


– Høgt tempo i utbygging av breiband er heilt avgjerande for framtida i Sogn og Fjordane. Vi treng fiber med høg kapasitet både til jobb, skule og fritid - uansett kvar vi bur.

Det seier Halvor Halvorsen, nestleiar i Sogn og Fjordane Venstre i ei pressemelding.

– Venstre har i mange år vore garantisten for ei sterk breibandsatsing på statsbudsjettet.

– Eg er utrulig glad for at Venstre også i 2018 har fått gjennomslag for ei kraftig opptrapping av breibands-midlane. Midlane har no auka for fjerde år på rad takka vere Venstre sin innsats, no seinast frå 130 mill i 2017 til 150 millionar kroner i 2018 i budsjettforliket mellom Venstre, Krf og regjeringspartia.

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har mest behov for midlar til utbygging av breiband. I år har vi åleine fått ein fjerdedel av heile den nasjonale potten. Med auka pott i 2018 kan satsinga i Sogn og Fjordane neste år bli endå større.

– Venstre vil halde fram fiber-kampen - eit sterkare Venstre betyr ein enklare kvardag med raskare opp- og nedlasting over heile landet, seier Halvor Halvorsen.