Gjengen frå Vennebyen var eit populært innslag under Sommarfesten.

Vennebyen vitja Sommarfesten

Apen Apa i politiet, elefanten Elfie i brannvesenet, bjørnen Ted i ambulansetenesta og fleire av venene deira kom på besøk til andre dag av Sommarfesten i Jølster.

Kring 300 små og store fekk med seg den knapt timelange førestillinga i teltet på Jølstraholmen Camping. Det var dagleg leiar Kristine Hjelmbrekke godt nøgd med.

- Eg hadde ikkje venta det skulle kome så mange, men det er veldig kjekt. Det er ikkje så mange arrangement for dei minste her i området, seier ho.

Laurdag kveld stod Øyvind Sauvik, betre kjend som Vinni, på scena i det som var den tredje Sommarfesten i rekkja.



Les meir om arrangementet i papirutgåva tysdag.

Illustrasjonsfoto.