- Eit kjekt anlegg, sa Annette Holme, Peder Holme og Odd Peter Skinlo frå Hyen.

Vellukka test av Jølster Skyttarstadion

Fantastisk, utruleg, imponerande. Superlativa sat laust då skyttarar frå Sogn, Nordfjord og Sunnfjord søndag var samla for å prøve den nye bana til Jølster Skyttarlag. I underkant av 40 skyttarar deltok.


Dette var kjekt

Ein av mange veteranar som var møtte opp var Peder Holme frå Hyen. Saman med Annette Holme og Odd Peter Skinlo utgjorde han Hyen Skyttarlag sin delegasjon på stemnet.
- Dette var eit kjekt anlegg, smilte veteranen frå Hyen og dei to andre var samde. Alle tre hamna også på same poengsumm og spøkte med at dei laut ha omskyting når dei kom heim att.
Ein annan nordfjording som let seg imponere, var Arild Fure frå Stryn.
- Det var omtrent som å komme inn på eit hotell, dette anlegget kjem mange til å misunne dykk, sa Fure før han hivde seg i bilen for å nå fjøsstellet.

Jølstring med fullt hus
Toralf Årdal har vore prosjektleiar under bygginga av Jølster Skyttarstadion, men er også ein glimrande skyttar. Under stemnet søndag klinka han like godt til med 350 poeng og fullt hus. Dermed vann han klasse V65 i hard kamp med Asbjørn Hestad frå Norheimsund.
På 200 m vann Arve Halsteislid frå Haugen klasse 3-5 med 340 poeng, medan V55 vart vunnen av Leif Reksten, Nordbygda med 343.003

I kafeen kunne folk følgje skytinga direkte overført
Toralf Årdal frå Jølster klinka like godt til med fullt hus.