Vegvesenet ber folk stoppe når det er raudt.

Vegarbeidarar tek ferie

Frå kommande veke og ut veke 30 tek fleire vegarbeidsprosjekt i Sogn og Fjordane ferie.

Det blir stogg i tunneloppgraderinga, og fri ferdsle både gjennom Høyangertunnelen på fv. 55 og gjennom Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen på E16 i Aurland.
På E39 mellom Bjørset og Skei blir det pause i vegbygginga, men nokre strekk av denne vegen vil vera lysregulerte gjennom ferien.
Lysreguleringa i Bergumkrysset på rv. 5 i Førde blir òg ståande gjennom ferien.
Mellom Fardal og Ylvisåker blir det eit avbrekk i arbeidet med ny gang- og sykkelveg langs rv. 55.
På Berge, rv. 5 mellom Frudalstunnelen og Bergstunnelen, tek dei ikkje sommarferie, men frå og med 12. juli vert det fri ferdsle i to felt forbi arbeidsstaden.
Nokre stadar kan det vera redusert fartsgrense. Dette er på grunn av at vegen/tunnelen ikkje er i normal stand, eller er innsnevra som følgje av arbeidet. Det er viktig at ein følgjer skiltinga på staden.
Statens vegvesen oppmodar om å ta omsyn til kvarandre i ferietrafikken, og ynskjer alle ein god sommar!, heiter det i ei pressemelding frå vegvesenet.



<