Det var ei trafikkulukke i Jølster i dag tidleg, to lettare skadd. Illustrasjonsfoto.

Vedgår samleie, men nektar straffeskuld

Dei tre gutane i slutten av tenåra, som er sikta for seksuell omgang med ei jente under 16 år på Nordfjordeid natt til søndag, erkjenner alle samleie med 15-åring, men nektar straffskuld. Ein av dei tre sikta er 17 år gammal, medan dei to andre er 19 år. Den fornærma jenta er 15 år gammal. Dei sikta vart arresterte søndag kveld, men måndag var alle tre sleppte fri etter å ha vore i avhøyr.

Politiadvokat Sissel Kleiven ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser til NRK at dei tre sikta erkjenner å ha hatt samleie med ei 15 år gammal jente, men at dei ikkje erkjenner straffskuld. Siktinga blir no verken utvida eller fråfallen. Alle dei tre sikta erkjenner å ha hatt seksuell omgang med jenta, men når det gjeld straffskuld påberopar dei seg at omsynet til alder og utvikling gjer dei ikkje straffskuldige.

– Dei er sikta for seksuell omgang med ei mindreårig. Vi har ikkje funne grunnlag for å ta ut sikting for valdtekt, seier Kleiven.

Overgrepet mot den 15 år gamle jenta skal ha skjedd i eit smug midt i Nordfjordeid sentrum. Dei tre tenåringsgutane som er sikta i saka, bur alle i Nordfjordeid-området. Jenta har tilknytning til Nordfjordeid, men er busett ein annan stad i landet.

Strafferamma for seksuell omgang med barn under 16 år er fengsel i inntil seks år.