Emma K Hellem frå Lavik fekk onsdag lage sin eigen kvernkall på Nordfjord Folkemuseum.

Vasskraft på museet

Sidan vasskraft er tema for museumsonsdagar i juli, vil publikum få høve til å lage kvernkallar kvar onsdag denne månaden.

Gammal teknologi
– Kvernkallen er eit vasshjul og ein sentral del i utnytting av vasskrafta før ein snakkar om elektrisitet. Kvernkallen vart nytta i kvernhusa der ein kverna korn til mjøl. Han vart også nytta i stampa som vi har her på museet, samt i sagbruket. Det ligg mykje læring i å lage ein kvernkall og deretter plassere han slik at han fungerer. Og så får borna han med seg heim etterpå og kan prøve han ut heime, fortel formidlingsleiar ved museet, Kristin B. Svendsen.
Stampa
– Vasstanden i elva er liten i juli, og det er ikkje på denne tida vi ville ha brukt stampa. Men vi skal ha ei omvising slik at folk får sjå korleis ho fungerer. I tillegg skal publikum få vere med på å lage ulltråd. Det blir på ein måte ull som blir tema denne dagen. Publikum får karde ull og deretter spinne tråd ved hjelp av ei handteine. I tillegg får dei sjå film av stampa i drift, forklarer formidlingsleiaren.
– Korleis har besøket vore til no desse onsdagane?
– Det har variert. Det var kanskje litt tidleg å starte 1. juni sidan folk ikkje hadde ferie då. Besøket har vore betre i juli, seier Kristin B. Svendsen.

Meir om dette i papiravisa tysdag

[caption id="attachment_116039011" align="alignnone" width="500"]