Home   >   Nyhende   >   Vart vist vekk frå sentrum

illustrasjonfoto.

Vart vist vekk frå sentrum

Fem menn i 20-åra vart vist vekk frå Sandane sentrum i to-tida natt til 17. mai. Dei fekk beskjed om at dei var uønskte på staden.

Fest-natta har stort sett gått roleg føre seg i Nordfjord, men politiet i fylket har hatt nok å henge fingrane i. Politiet melder natt slik:

NORDFJORD
Kl.0053, Nordfjordeid, jente i slutten av tenåra var overstadig rusa på ei privat adresse, tatt hand om av helse.

Kl. 0054, Stryn, kroppskrenking, mann i slutten av tenåra slått til i andletet av ein annan mann i slutten av tenåra. Sak oppretta.

Kl. 0252, Stryn, rusa mindreårig gut i tenåra vist vekk frå sentrum,

FLORØ
Kl. 2356, Florø, kvinne i 20 åra køyrt heim frå arrangement då ho var rusa og uønskt på staden.

Kl. 0227, Florø, politiet har vist vekk ein mann i slutten av tenåra då han var uønskt på eit arrangement i Florø

Kl. 0129, Florø, gut på 17 var overstadig rusa og køyrt heim til foreldre av politiet.

Kl. 0127, Florø, mann i slutten av 20 åra vist vekk frå arrangement då han var uønskt og rusa.

Kl. 0110, Florø, mann i 20 åra vist vekk frå arrangement av politiet då han var uønskt på staden.

FØRDE
Kl. 2339, Førde, Hamnen, feststøy, politiet har vore på staden og roa ned ein fest med høg musikk.

Kl. 0216, Førde, rusa gut på 17 år køyrt heim og vist vekk då han var uønskt i sentrum.

Kl. 0152, Førde, festplassen, slåssing, tre menn i l slutten av tenåra vist vekk frå sentrum.

HØYANGER
Kl. 0018, Høyanger, ei jente i slutten av tenåra er køyrt heim då ho var rusa.

SOGNDAL
Kl. 0349, Sogndal, mann i 20 åra meld for drikking på offentleg stad.

Kl. 0228, Sogndal, slåssing på utestad, to menn i 20 åra vist vekk frå sentrum.

Kl. 0135, Sogndal, rusa jente i slutten av tenåra er køyrt heim av politiet.

Kl. 22-0340, Sogndal, fem mindreårige har i løpet av natta blitt fråtekne alkohol dei hadde med seg.