Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   – Varg Veum kan bli send til Sunnfjord

Bandet Vargtime har eksistert i 15 år med musikarar frå Jazzmiljøet i Bergen

– Varg Veum kan bli send til Sunnfjord

Jazz på Jølst tjuvstarta årets festival med Vargtime på Løa, den gråsteinsmurte samlingsstaden på Jølstraholmen.

Der fekk eit stappfullt lokale sjå og høyre krimforfattaren Gunnar Staalesen fortelje om den litt slitne og bohemaktige privatetterforskaren Varg Veum, med kontor ved strandkaia i Bergen, og med ei fortid som skild sosionom.

Gunnar Staalesen tok publikum med storm gjennom sine humørfyllte forteljingar om Varg Veum

Populær helt

– Han er den billigaste du kan få, men den dyraste du kan få slengd etter deg, sa Gunnar Staalesen om romanfiguren som er hovudpersonenen i krimromanane hans.

Akkompangnert av Bandet «Vargtime» eit band som har vart etablert i samband med Varg Veum sin 60-årsdag i 2002 og som har eksistert sidan, og med same mannskap, las Staalesen frå bøkene sine. Dei som har lese Staalesen, veit at Varg Veum var oppteken av jazz og spesielt saksofonmusikk. Dette speglar seg i bandet sitt repertoar og publikum fekk klassiske jazzperler på rekke og rad med glimrande saksofonspel av Jan Kåre Hystad og krydra med forteljingar frå Varg Veum sitt mangfaldige liv.

Bandet Vargtime har eksistert i 15 år med musikarar frå Jazzmiljøet i Bergen. Pianisten Dag Arnesen er fast gjest under «Jazz på Jølst»

 

Mestermøte

Etter konserten var det lagt opp til det som vart kalla «Mestermøte» i regi av «Rom for ord» der Gunnar Staalesen skulle samtale med den lokale krimforfattaren Rune Timberlid. Meininga var at dei skulle snakke om sine forfattarskap og sine romanfigurar. Det gjorde dei, og dei var også inn om ein annan lokal krimforfattar, nemleg Marit Benz som debuterte som krimforfattar i fjor med boka «Kverk» med handling lagd til Jølster.

Denne samtalen kunne dei to herrane fått meir ut av, etter vår meining, og det heile vart ei litt tynn suppe i ein samanheng der det var spikrar nok til å lage ei fyldig og god suppe. Spesielt Rune Timberlid verka litt ukonfortabel i denne rolla, og han er betre som forfattar enn som talkshowaktør.

Etter at det heile var over spurde vi Gunnar Staalesen om den kommande kommunesamanslåinga, og striden rundt den, kan bli noko som Varg Veum kan bli involvert i.

– Om det skulle skje eit drap eller andre alvorlege ting i samband med dette, så kan det vere at vi sender Varg Veum oppover, gliste Staalesen som er godt kjend i Jølster etter ti startar på Jølster Maraton.

Etter konserten skulle Rune Timberlid t.v. og Gunnar Staalesen samtale om forfattarskapa sine. det kunne dei fått meir ut av.

Meir om jazzfestivalen seinare og i papiravisa tysdag