Her har vi dei tre beste i A-og B-klassa. Frå venstre Magnus Evebø, Geir Magne Evebø, Harald Buene, Jens Inge Bakketun, Eivind Evebø og Karl Erik Utheim.

Vann tett golfduell

Dei fekk same poengsum, men Karl Erik Utheim vann til slutt den tette golfduellen med Eivind Evebø i Volvo-turneringa i helga. Begge er klar for landsfinale.

Det var ein regntung Sandane golfpark under tevlinga søndag, der dei to beste skal vidare til landsfinalen. Dette vart Karl Erik Utheim og Eivind Evebø som begge fekk 68 poeng i A-klassa.

I fjor gjekk denne på Losby golf and countryclub. Her var Eivind Evebø eitt slag fra å kome seg til verdsfinalen, slått med minst mogeleg margin av Lasse Kjus. Verdsfinalen gjekk i Sør Afrika.

Finalearena i år er enno ikkje avklara.