Jon Rolf Skamo Hope (18) hadde også denne gongen best tid totalt. Kent Ove Sæten (16) vart best i guteklassen. Foto: Sølvi Sæther

Vann Solheimsløpet igjen

For sjette år på rad gjekk Solheimsløpet i Hyen av stabelen sist fredag kveld, og som fleire gonger før vart Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen suverent best totalt. Grannen Kent Ove Sæten vart best i klassen for Gutar. Det var ingen jenter som stilte opp i konkurranseklasse.

Det var rimeleg bra vêr og temperatur då Solheimsløpet 2016 vart avvikla fredag kveld. 20 løparar stilte til start i konkurranseklasse, og om lag 100 personar til saman tok den flotte turen til Solheimsstøylen. Jon Rolf Skamo Hope vann som venta det til dels intenst bratte motbakkeløpet med tida 14 min. og 08 sek. Men han var 58 sekund etter sin eigen sterke rekord frå 2013.

Sjette gong
Dette var det første av tre i motbakke/støylsløp-karusellen i Hyen. Det neste er Olsokløpet som går til Ommedalsstøylen Måndag under Friluftshelga, og det tredje er Åstøylsløpet som går i August. Det blir premiering for dei som deltek på alle tre.

Det er grendelaget på Solheim og Hjorteset som arrangerer Solheimsløpet, i år med Gjesdal Elektro, Hyen Fisk og Salmon Group som sponsorar. Starten går ovanfor Vestre Hyen skule midt i grenda, og løypa går først opp ein bratt og svingete gardsveg om lag ein kilometer oppover til høgda ved Solheimsvatnet. Derifrå går ein til dels stupbratt og steinete traktorveg 1,5km vidare oppover til målområdet ved Solheimsstøylen. Då har løparane klatra 350 høgdemeter.

Grilling og bål
Etter at alle løparane var komne i mål, var det premiering av klassevinnarane. I tillegg vart det trekt ut ti deltakarar mellom alle som deltok i trim- og konkurranseklasse. Dei fekk ulike påskjøningar som bokpremiar, t-skjorter og gåvekort. I målområdet var det som vanleg grilling og kos der folk kunne kjøpe seg pølser med brød, kaffi og nydelege heimelaga platekaker.

Resultatliste uansett klasse
1. Jon Rolf Skamo Hope 14.08. 2. Anders Ommedal 16.20. 3. Kent Ove Sæten 16.45. 4. Håkon Solheim 17.30, 5. Frank Holme 17.56. 6. Leander Agledal Nordal 18.09. 7. Thomas Sæten 20.05. 8. Øyvind Pedersen 20.22. 9. Hans-Erik Berge 20.32. 10. Morten Ommedal (12 år) 20.44. 11. Torbjørn Holme 20.45. 12. Rasmus Ommedal Ohrstrand (10 år) 21.49. 13. Elias Ommedal Ohrstrand (8 år) 21.53. 14. Øyvind Sæther 22.20. 14. Øyvind Magnus Solheim 22.20. 16. Håvard Klungre 22.23. 17. Eirik Klungre 23.02. 18. Olav Klungre 23.42. 19. Håvard Helge Pedersen 25.13. 20. Bjørnar Pedersen 26.56.