Vibeke Carlsson (t.v.) og Stine Abrahamsen i Norske Redningshundar deltek i leiteaksjonen etter den sakna Per-Arne Hestenes.

Utvidar søkeområdet

Fem patruljar frå Norske Redningshundar leitar no etter den sakna Per-Arne Hestenes langs E39 mellom Reed og Sandane.

Hestenes vart sist sett natt til førre laurdag. Han var då involvert i ei trafikkulukke på Øvreset, men ikkje noko tyder på at han vart skada i denne. Sidan har ingen vore i kontakt med han.

Nærmare 60 personar frå Røde Kors, politiet og frivillige er laurdag med i leitinga som så langt har vore resultatlaus.

Mange frivillige har meldt seg til teneste i løpet av dagen. Nærmare 60 personar er no med på leiteaksjonen.
Kjellfrid Sæthre Geitrheim (t.v.) og Anni Felde i Gloppen Røde Kors Omsorg syter for mat til leitemannskapa.