Undersøking: Alkoholkonsum reduserer levealderen
Publisert: 13. april 2018
Oppdatert: 13. april 2018
Av: Nynorsk Pressekontor
Ei undersøking med meir enn 600.000 deltakarar viser at 5–6 glas vin i veka fører til kortare forventa levetid.
Den internasjonale befolkningsundersøkinga viser at det å drikke meir enn 100 gram alkohol per veke, altså 5–6 glas vin, inneber kortare forventa levetid.
I testgruppa som drakk 100–200 gram alkohol i veka, vart den forventa levetida for ein 40-åring forkorta med seks månader, skriv Folkehelseinstituttet , som bidrog til undersøkinga.
8,4 prosent av dei meir enn 600.000 deltakarane svarar at dei drikk meir enn 350 gram alkohol i veka. Det kan redusere levetida med 4–5 år for ein 40-åring, viser analysane.
Helsedirektoratets anbefaling for nordmenn har inga generell maksimumsgrense. Nasjonal fagleg retningslinje for førebygging av hjarte- og karsjukdom anbefaler likevel at alkoholinntaket ikkje bør overstige 20 gram alkohol per dag for menn og 10 gram for kvinner. (©NPK)