Messegeneral Sigmund Vereide og Marianne Ryssdal Sæter har all grunn til å vere nøgde med årets Matamål

- Truleg publikumsrekord

Matamål gjekk av stabelen for sjette gong i helga, som fleire gongar før med Sigmund Vereide som primus motor og messegeneral.

Vereide hadde ikkje noko å tal å vise til når det gjeld besøkande, men han hadde ei magekjensle av at det var det meste han hadde sett av folk under Matamål.

– Eg snakka med alle dei som hadde stand på slutten av dagen, og nesten utan unnatak hadde dei omsetningsrekord. Det er også fantastisk at det vart selt over 300 sosekjøtmiddager når 40 andre selde mat. Eg snakka med handlande frå Voss og Molde som begge vil tilbake neste år. At her var så mykje tilreisande mellom publikum, syner at vi no kan kalle oss ein fylkesfestival. Det trur eg vi kan takke messeavisa som gjekk ut til heile fylket for, avsluttar ein aldri så lite stolt festivalsjef.

Les meir om Matamål i papiravisa måndag.