Troda 4H er Årets 4H-klubb i 2016. I 2015 vann klubben Draumeplassen. (Foto: Geir Aardalsbakke)

Troda 4H vart Årets 4H-klubb

Troda 4H frå Davik i Bremanger er kåra til Årets 4H-klubb i fylket 2016 etter eit svært innhaldsrikt år.

– Det er veldig kjekt at vi vart Årets 4H-klubb! jublar leiaren i Troda 4H, Knut-Olav Indredavik Karstensen (14).

Stor aktivitet
I 2016 hadde 4H-klubben 15 medlemmer, og arrangerte 14 klubbmøte, 3 styremøte og deltok på 14 andre aktivitetar og samlingar. Dei hadde også 13 møte i naturmøteplass-gruppa, og gjennomførte 47 dugnader på naturmøteplassen.

– Hjelpa frå klubbrådgjevarane våre har betydd veldig mykje, smiler den unge leiaren. Emil Forsberg (14), er heilt einig.

– Utan dei ville vi ikkje fått klubben til å fungere. Dei er engasjerte, og får til veldig mykje ilag med oss!

I tillegg til arbeidet med naturmøteplassen deltok mellom anna 4H-medlemmene på Superhelg, pangstartkurs, distriktsleir og fylkesleir. Dei var også med på fleire lokale arrangement, og i mai feira dei 3-årsdagen til klubben. Mange av 4H-arane var også med i Kløverjakten-konkurransen i 4H Norge.

Naturmøteplass på rekordtid
– Det var ei veldig kjekk oppleving å bygge naturmøteplassen. Det kjekkaste var då veggar og tak kom på plass. Det var òg veldig sosial. Vi er veldig fornøgd med resultatet, og vi likar å vere der, seier Emil Forsberg, som òg sat i styret for dette prosjektet.

Som ein av dei heldige vinnarane i Draumeplassen-konkurransen i 2015, fekk nemleg Troda 4H prosjekthjelp, arkitekttenester og pengestøtte til å realisere sin naturmøteplass i Langedalen.

I desember same år kom meldinga om at dei fekk ytterlegare støtte frå Gjensidigestiftelsen, og i januar 2016 starta arbeidet med rydding av skog. Medlemmane valde å gå saman om å ha bygginga av naturmøteplassen som fellesprosjekt, og alt i september stod bygget ferdig.



Spennande framtidsplanar
Den aktive 4H-klubben har ikkje tenkt å trappe ned på aktiviteten, og har også mange spennande planar for 2017.

– I år skal vi ferdigstille naturmøteplassen. Og så skal vi mellom anna arrangere pangstartkurs for klubbane i kommunen og frå Eid og Vågsøy, ha aktivitet med ei lokal bedrift, vere med på 4H-dagen, delta på distriktsleir og fylkesleir og ikkje minst arrangere haustfest, fortel Knut-Olav Indredavik Karstensen, leiaren i Troda 4H, ivrig.

Det er fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane som kvart år kårar Nordfjord,- Sunnfjord- og Sognemeister blant 4H-klubbane i fylket. Av desse tre vert ein vald til Årets klubb.

Sognemeister i 2016 vart Hesjastauren 4H i Vik, Sunnfjordmeister vart Blåklokka 4H på Vassenden, og Nordfjordmeister og Årets 4H-klubb, Troda 4H.

Årets 4H-klubb fekk diplom og eit tinnkrus, som dette året var sponsa av Tine SA og vart utdelt på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane på Skei 12. februar.

Linda Slåtten

Troda 4H frå Davik i Bremanger vart kåra til Årets 4H-klubb 2016, og i løpet av året som gjekk bygde dei mellom anna denne flotte naturmøteplassen. (Foto: Geir Aardalsbakke)