Ola Lilloe Olsen er blant om lag 100 husstandar i Hyen som deltek i eit prøveprosjekt saman med SFE. I første omgang har kundane fått montert nye straummålarar som gjer den månadlege avlesinga unødvendig.

Treng ikkje lese av straumforbruket lenger

– Ein ting er at vi slepp lese av straummålaren, viktigare er det av vi får delta i eit veldig spennande utviklingsprosjekt for å utnytte straumnettet betre, seier Ola Lilloe Olsen.

Han smiler lurt og opnar det tradisjonelle sikringsskåpet som likevel ikkje er heilt tradisjonelt lenger. Som ein av rundt 100 kundar i Hyen har husstanden fått montert inn ein heilt ny straummålar.

Utviklingsprosjekt
Årsaka er at SFE har starta eit stort prosjekt for å utnytte straumen og straumnettet betre. Den nye målaren les sjølv av forbruket og sender dataa til SFE Nett kvar einaste time døgnet rundt heile året.

– Ein ting er at vi slepp å lese av straummålaren i slutten av kvar månad, viktigare er det at vi får vere med i eit veldig spennande utviklingsprosjekt der målet er å utnytte straumnettet smartare, fortel Ola Lilloe Olsen. Før jul deltok han på eit informasjonsmøte der SFE hadde invitert kundane på Hope, Aa og Holme til å delta.

– Eg var ikkje i tvil om at vi skulle vere med, seier Ola. Den anerkjende båtkonstruktøren er truleg over middels teknisk interessert og van med å drive utviklingsarbeid. Han såg straks kor viktig prosjektet er.

Les heile saka i onsdagsavisa.