Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Tre vil lage plan for oppgradering

Området kring Eikaasgalleriet skal rustast opp.

Tre vil lage plan for oppgradering

Jølster kommune har tildelt Nordplan oppdraget med å utarbeide ein heilskapleg utomhusplan for området kring Eikaasgalleriet.

Tre firma leverte tilbod innan fristen kommunen hadde sett. I tillegg til Nordplan, var dette Asplan Viak og Norconsult.

Kommunen meiner det skil lite i kvalitet på tilboda, pris er dermed blitt avgjerande. Nordplan sitt tilbod er på 130.000 kroner, Asplan Viak har gjeve ein pris på 140.000, medan Norconsult sitt tilbod er på 195.000 kroner. Alle prisane er eksklusiv meirverdiavgift.