Illustrasjonsfoto

Tre tenåringar arrestert på Eid

Politiet arresterte søndag kveld tre tenåringar som kan bli sikta i samband med at ei mindreårig jente melde frå om at ho hadde vorte valdteken på Nordfjordeid natt til søndag. Dei tre skal avhøyrast utover dagen i dag måndag.

Det var søndag den alvorlege saka vart kjent, og politiet er førebels sparsame med opplysningane. Men dei finkjemma minst to område i Nordfjordeid sentrum søndag. Den påståtte valdtekta har skjedd i samband med Malakoff-festivalen, men utanfor sjølve festivalområdet. Saka har naturlegvis kasta skuggar over ei elles strålande festivalhelg. Det er ikkje opplyst noko om kor dei involverte partane i saka er heimehøyrande. Jenta vart teken hand om av politiet og helsepersonell.

Sikta
Dei tre tenåringane er førebels sikta for seksuell omgang med mindreårig. Det tyder at jenta må vere mellom 14 og 16 år sidan ein annan paragraf gjeld for overgrep mot born under 14 år. Politiet vil ikkje seie kvar dei tre kjem frå, men alle er under 20 år. Alle er sikta for seksuell omgang med barn under seksten år. Siktinga kan bli utvida etter kvart som etterforskinga skrir fram, opplyser politijurist Erling Melvær.

Han karakteriserer saka som svært alvorleg og har stor prioritet hos politiet. Det var BT som først melde om arrestasjonane.

– Politiet har pågripe tre personar. Desse har status som sikta og vil bli avhøyrde i løpet av morgonkvisten eller dagen, sa operasjonsleiar Kai Myklebust til NRK tidlegare i dag.

Mogleg varetektsfengsling
Politiet vil utover dagen vurdere om dei vil krevje varetektsfengsling for ein eller fleire av dei tre. Ifølgje Fjordabladet skal ein av dei arresterte ha blitt sett fri. Politiet vil ikkje enno seie noko om korleis dei arresterte stiller seg til siktinga. Men saka vil bli etterforska for full kraft frå morgonen av.

Både jenta og dei tre sikta gutane var i helga på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Valdtekta skal ha skjedd natt til søndag utanfor festivalområdet. Jenta er teken hand om på beste måte av politi og hjelpepersonell. Politiet jobba i går med å sikre tekniske bevis på aktuelle stadar på Eid og avhøyrer både fornærma og vitne.

Åstaden
Den aktuelle åstaden skal vere eit smug nær sjøen, ikkje langt frå festivalområdet. Området vart seint i går sperra av og politiet brukte lang tid på å sikre spor. Dei skal ha teke med seg fleire gjenstandar derifrå. Tidlegare på ettermiddagen hadde politiet sperra av eit anna område og sett opp eit telt like ved E39 ved Statoil.

Ann Mari Bjørlo er oppnemnd som jenta sin bistandsadvokat. Ho har enno ikkje fått møtt klienten og vil ikkje la seg intervjue førebels. Utover det veit ho lite anna enn det politiet har stadfesta.