Glopparane Evald Osnes Devik (f.v.), Hans Sande og Thomas Mardal er mellom dei største talenta i landet i sine øvingar. Foto: GFIL.

Tre glopparar på rekrutteringslandslaget

GFIL-utøvarane Hans Sande, Thomas Mardal og Evald Osnes Devik er tekne ut på rekrutteringslandslaget i friidrett i 2016.

Over 150 utøvarar i alderen 16-25 år og 111 personlege trenarar er tekne ut på Norges Friidrettsforbund sitt rekrutteringslandslag for 2016.

Målet med rekrutteringslandslaget er å bidra til å skape flest mogleg finale- og medaljekandidatar i seniorklassa i internasjonale meisterskapar. Delmål på vegen kan vere å kvalifisere seg til internasjonale junior- og ungdomsmeisterskapar.

Rekrutteringslandslaget er eit tiltaksbasert prosjekt der ein søkjer å utbreie "beste praksis" innan trening i kvar øvingsgruppe. Alle utøvarane blir inviterte inn i prosjektet saman med trenar.

Aktivitetane som blir tilbydde og oppfølginga deltakarane får, er eit supplement til den viktige daglege treninga. Når dei beste utøvarane og trenarane deira samlast, er det ein god arena for erfaringsutveksling og nettverksbygging. Rekrutteringslandslaga blir drive noko ulikt noe ulikt frå øvingsgruppe til øvingsgruppe.