Illustrasjonsfoto.

Travel natt for politiet

Politiet har hatt mykje å henge fingrane i natt til søndag. Her er eit utdrag frå politiloggen.

02:55 Leikanger. Melding om ordensuroing på ein privat bupel i samband med fest. Politiet måtte ut og mekle. To personar bortviste.

00:50 Ein rusa person stogga bilar i Florø og nekta å flytte seg. Ville heller ikkje samarbeide med politiet. Vart sett i drukkenskapsarresten.

01:13 To fritidsbåtar kolliderte i Førdefjorden ved Hornnes. Tre personar involvert. To sende til legevakt. Sak oppretta av Førde lensmannskontor.

02:34 Førde. Melding om fire personar som slost utanfor ein serveringsstad. Skal også ha angripe betjeninga. Politiet fekk kontroll på staden.

01:42 Lærdal. Politiet fekk melding om to sinte personar som slost like utanfor festivalområdet til Jordeplerock. Dei involverte vart viste bort frå staden.

01:41 Lærdal. I samband med den same festivalen vart ein person funnen sovande og rusa. Denne karen vart køyrd heim av politiet.

00:08 Florø. Melding om feststøy frå ein bustad i sentrum. Politiet kom til staden og gav pålegg om dempe seg.

01:12 På ein festival i Lærdal vart ein overstadig rusa person teken hand om av Røde Kors. Etter tilsyn av politi vart ambulanse tilkalla.

01:30 Måløy. Melding om ein utagerande person i sentrum. Politiet kom til staden og fekk roa situasjonen. Vedkomande vart send heim.

03:20 Lærdal. Melding om slagsmål. Då politiet kom til staden var partane forsvunne.

03:00 Lærdal. Melding om ein sovande rusa mann i grøft. Vedkomande kvikna til då politiet kom og vart send heim.

23:34 Melding om skadeverk ved eit kommunalt toalettanlegg i Lærdal. Saka vil bli fylgd opp av politiet.

00:56 Førde. Melding om feststøy frå ein bustad i sentrum. Politiet kom til staden og avslutta gildet.