Illustrasjonfoto.

Travel natt for politiet

Det har vore mykje å gjere for politiet den siste aprilhelga.

03:33 Florø. Melding om høglytt krangel og mogleg slagsmål i sentrum. Politiet til staden. Hadde roa seg. Saka vil bli følgd opp i ettertid.

03:11 Førde. Politiet måtte ha bistand av ambulanse ved ein utestad i sentrum. Rusa kvinne trengde tilsyn. Overtatt av helse.

02:50 Florø. Uro og bråk ved ein utestad i sentrum. Politiet bortviste ein mann i tjueåra.

02:31 Førde. Ein utestad ønskte bistand til å ta hand om ein rusa og kranglevoren gjest. Politiet tek mannen til drukkenskapsarrest.

02:24 Florø. Melding om ein bevisstlaus person på ein utestad i sentrum. Politi og ambulanse til staden. Vedkomande kvikna til og fekk tilsyn av helse

02:24 Stryn. Melding om mykje folk og uro ved ein utestad i sentrum. Ein person trengde assistanse av helse. Politiet fekk løyst opp i massane.

01:57 Førde. Politiet kom over to bilar med krav om avregistrering. Begge vart avskilta. Eigarar kan ta kontakt seg på dagtid.

01:25 Stryn sentrum. Melding om ein rusa pers som stod på taket av ein bil og ramponerte den. Tatt kontroll på av politiet. Vist borg og meldt.

01:04 Florø. Melding om overstadig rusa person på ein privatfest. Politi til staden. Fekk vedkomande heim med bistand av ambulanse.

00:52 Lærdal. Alarmsentralen fekk ønske om bistand til å få ein rusa person i hus. Problemet løyste seg før politiet eller brann kom til staden.

00:40 Førde. Politiet stogga ein bil som hadde prøvekjennemerker utgått på dato. Bilen vart parkert og førar meld.

00:34 Førde sentrum. Overstadig rusa person ved ein utestad oppfylte krava til ei natt i drukkenskap. Vart teken inn til arrest.

00:27 Førde. Fleire klager på støy frå bilar som spelte musikk på Festplassen. Politiet gav festdeltakarane pålegg om å dempe seg.

23:45 Florø sentrum. Melding om rusa person som låg i ei grøft. Kom til seg sjølv når politiet kom. Vart sett til og køyrd heim.

Tidleg laurdag kveld:

Førde - UP Stansa bil i Naustdal rv5. Ein bilførar mistenkte for å ha køyrt i rusa tilstand. Funn av mindre mengder narkotika i bilen. Førar ein mann i slutten av tenåra tatt med til blodprøvetaking.

Laurdag ettermiddag:
1500 Ny kontroll av UP i Førde no i Vieveien resultat: Eitt forenkla førelegg for å køyre 58 km/t i 50 sona, samt eitt forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon og to gebyr manglande bilbelte bruk.

1300 UP har gjennomført en kontroll på E-39 Bruland, 127 kontrollerte - to gebyr for ikkje å ha med førarkort.