Home   >   Nyhende   >   Traktorkolonne frå Breim

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Traktorkolonne frå Breim

Klokka 10 i dag samlar bøndene i Breim seg og køyrer i traktorkolonne frå Byrkjelo til Sandane for å aksjonere i samband med brotet i jordbruksforhandlingane.

Frå klokka 11 er det aksjon i Sandane sentrum

I samband med brotet har Sogn og Fjordane Bondelag sendt ut denne pressemeldinga:

«

Brot i Jordbruksforhandlingane

Landbruksnæringa valde i dag å bryte jordbruksforhandlingane med staten.

-Etter Regjeringa si manglande vilje til å kome landbruket i møte under forhandlingane, har eg mista trua på Regjeringa Solberg seier fylkesleiar Anders Felde.

Jordbruket har forhandla med staten siden 5.mai, og i dag varsla jordbruket at dei bryt årets jordbruksforhandlingar.

Dagen før årets jordbruksforhandlingar starta, vedtok Stortinget ein ny landbrukspolitikk med hovedmål om å auke norsk matproduksjon basert på norske ressursar. Stortinget vedtok også eit mål om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre yrkesgrupper.

– Stortinget gav, under behandlinga av Jordbruksmeldinga, ordre om tetting av inntektsgap mot andre grupper. Landbruks og Matminister Dale og Regjeringa har ikkje ikkje kome oss i møte. Vi ser ingen inntektsløft retta mot små og mellomstore bruk, og då måtte Bondelaget bryte forhandlingane med Staten, seier Felde.

Forventer avklaring fra Stortinget
Når jordbruket sine organisasjonar no har brote årets jordbruksforhandlingar, går tilbodet fra Regjeringa vidare til Stortinget, som skal vedta jordbruksoppgjeret.

– Bondelaget forventar at støttepartia KRF og Venstre, saman med oposisjonen, fylgjer opp det dei sjølve har sagt i Stortingsmeldinga. Det gjeld både inntektsutvikling for store og små bruk, og at gapet mellom landbruket og andre grupper skal tettast avsluttar Felde.

Fakta:
• Staten tilbaud landbruket ei inntektsvekst på 8100 kroner per årsverk.

• Andre yrkesgrupper vil ha ei forventa inntektsvekst på 16700 kr per årsverk i same periode.

• Jordbruksavtalen som blir vedteken i år gjeld fra 1. januar 2018.

»